Ulstein Høgre

Vil skape blest om Haddal

Knut Kleiven fekk med seg Ulstein formannskap på at kommunen bør gjere noko for å få fleire til å flytte til Haddal.

Garnityr: – Ein kan gjerne samanlikne ein busituasjon med ein middagsrett: skal den vere komplett må ein ha garnityret også, samanlikna gourmethobbykokk og formannskapsmedlem Knut Kleiven. Han meinte det var på tide å gje Haddal litt draghjelp.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Knut Kleiven (Høgre) viste til forslaget tidlegare i år om å leggje ned Haddal skule. Dette innsparingstiltaket avviste kommunestyret samrøystes. Kleiven trur alle parti vil behalde skulen, også neste periode. Men skulen er prisgitt ei stabil og vedvarande elevmasse. Då finn han det bekymringsfullt at det etter det han kjenner til ikkje er seld ei einaste tomt i det siste feltet som er lagt ut i kommunal regi. Ulstein Høgre ville gjerne løfte denne problemstillinga og utfordre administrasjonen med å sjå på kva kommunen kan gjere for å skape blest om Haddal og dei ledige tomtene.