Løyver pengar til forprosjekt

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) i Ulstein kommune har stor tru på autonome bussar, men trur også at det ligg nokre år fram i tid å få til noko slikt på våre kantar.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ulstein formannskap vedtok samrøystes å løyve 270 000 kr til delvis dekning av kommunal eigendel knytt til forprosjekt om reiselivssatsing og til forprosjekt om autonome (sjølvkøyrde) bussar.

Herøy kommune er positive til å samarbeide med Ulstein om eit slikt forprosjekt. Ordførar Knut Erik Engh trur nok at det ligg nokre år fram i tid at kommunen får nytte av dette, men har stor tru på prosjektet for framtida.