Psykolog Hedvig Montgomery:

– Familiar utan problem finst ikkje

Vel 490 personar møtte fram i Hareidhallen torsdag kveld, og truleg var det til trøyst for dei fleste at psykolog Hedvig Montgomery kunne slå fast at familiar utan problem ikkje finst.
Nyhende

Hedvig Montgomery heldt det gåande i nærare 2,5 timar i Hareidhallen. Psykologen, som har spesialisert seg på familieterapi gnistra på scena. Hareid kommune var arrangør, og Mariann Båtnes, rådgjevar for læring og kultur i kommunen, ønska både Montgomery og publikum velkomne. Men lenestolen som var sett fram på scena i god Frank Aarebrot-stil, vart aldri brukt av Montgomery. I roleg tempo vandra ho rundt på scena, glødande oppteken av å fortelje foreldre, føresette og besteforeldre om metodar og knep som kan nyttast på vegen for å gjere små barn til gagns menneske.