Sanden er tilbake

Badesesongen er redda, sanden er tilbake.   Foto: Odd Kåre Wiiik

Nyhende

I vinter skreiv Vikebladet Vestposten at sanden på Osnessanden var nesten heilt vekke.

Då melde Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar drift og anlegg i Ulstein kommune, at dette er eit naturleg "fenomen" tid om anna. Han vona at naturen ville leggje på plass sanden til badesesongen.

Og no har naturen ordna opp. I dag, måndag, 25. mars, har Wiik sendt oss eit bilete som viser at sanden er tilbake på Osnessanden.

- Sanden er komen på plass. Storebåra i helga sikra årets badesesong, melder han.