To gull til Ulstein Judoklubb i Førde

Sju utøvarar frå Ulstein Judoklubb deltok under Førde Cup sist helg.
Nyhende

Johan Arneberg og Ivar Håkonsson fekk med seg kvar sitt gull frå Førde Cup.

Ifølgje Ulstein Judoklubb hadde dei sju deltakarar med i den store konkurransen.

Arthur Kieffer deltok i barnekonkurransen og fekk med seg siger i tre av fire kampar. Melody Kieffer, Bjørn-Oskar Holstad og Johan Arneberg deltok i ungdomsklassen og vann totalt åtte kampar.

Vinh Arneberg og Jimmy Kieffer deltok i ei svært sterk klasse med fleire ekstremt dyktige deltakarar både i beltegrad og teknikk. Begge kjempa godt i sine oransje belte og kunne notere seg to sigrar til Jimmy.

Ivar Håkonsson kjempa i ei kombinasjonsklasse og møtte mellom anna Bård Nesbø Skreien, med NM-tittel i 100 kg-klassen i haust. Han tok gruppesigeren, men Håkonsson vann gull i sin vektklasse. Ifølgje Ulstein Judoklubb fekk han også med seg dommarlisens tilbake til Sunnmøre.