Maskinistar med til saman over 100 års er i sving

Stempelsjau på Hindholmen

Det er for tida stor aktivitet ombord på den 102 år gamle fiskebåten Hindholmen. Den verna båten ligg ved den gamle sildeoljefabrikken på Strandabøen og får no etterlengta overhaling av hovudmaskina.

OVERHALING: Dugnadsgjengen har hatt fleire ykter ombord i samband med stempelsjau. Foto: Bjørn Røyset 

Nyhende

Eit knippe meget erfarne maskinistar med over 100 år samla fartstid skruar på hovudmaskina om bord, ei 65 år gammal Wichmann 3AC på 240 hk, som vart innsett i båten i 1954.

Maskina er ei av dei tidlege av typen frå Wichmann, slik at når ein prøver å få deler og teikningar av maskina så finn ein at det ein trudde passa, nødvendigvis ikkje gjer det. Heldigvis har Finske Wartsila, som kjøpte Wichmann motorfabrikk teke vare på dei delane som fanst, og har det viktigaste tilgjengeleg.

Motorhistorisk foreining på Rubbestadneset sit også på mykje kunnskap, verktøy og deler til motorane som dei ulike veteranfartøya kan gjere seg nytte av.

Tidlegare i år var Bjørn Røyset frå Hindholmen på kurs hjå Wichmann og denne veka er Leiv Peter Bratli på eit kurs som spesialiserer seg på elektriske anlegg på slike båtar.

– Det er viktig å ta vare på kunnskapen om desse motorane, dei er og eit viktig vitnesbyrd for utviklinga i fiskeflåten på 50-talet, seier Kjell Barstad som er ein av pådrivarane for bevaring av den unike båten.

Hindholmen er den einaste bevarte av dei hundrevis av denne typen som dreiv det stort på sildefiske på 50-talet. Båten vart bygd i 1916 ved Kristiansand Mek Verksted, og vart i 1954 ombygd slik vi kjenner han i dag. Samstundes vart dampmaskina byta ut med Wichmann dieselmotoren.

Hindholmens Venner står for drifta av båten, dette er ei venneforeining som gjerne tek imot fleire medlemmar. Kven som helst med interesse for gamle båtar, arbeid på dekk, maskin eller kanskje i byssa, er hjarteleg velkomne som medlemmar.

Riksantikvaren, igjennom Kulturavdelinga i Fiylket har løyvd pengar til overhaling av maskina, slik at saman med dugnadsinnsatsen så er motoren klar for mange nye år i drift.

Det er viktig å gjere båten kjend for omverda, og stiftinga har både Facebook og webside, i tillegg vart det i samband med 100-årsjubileet utgjeve eit hefte som omhandlar båten si lange og spanande historie.

Etter at motoroverhalinga og vårpussen er ferdig er planen at båten skal ligge ein del i Ulsteinvik sentrum i sommar, til glede for alle interesserte i maritim kulturarv.