Familien Andersson

Nyhende

Familien Andersson på Hareid: Sist «Gårsdagen» var på Hareid, var det med eit foto av vesleguten Oddvar Andersson i ytste del av Kjøpmannsgata. Denne gongen tek vi med heile familien Andersson. Ruth og Rudolf Andersson gifta seg i september 1944 i Lofoten. Like etter vart dei jaga sørover av tyskerane med ein koffert kvar i handa. Dei hamna på Sulesund, og Rudolf rodde over til Hareid der han hadde fått seg arbeid hos kjøpmann J.J. Holstad. Etter ei stund fekk dei leige seg hus på Hareid, og i 1957/58 kjøpte dei seg ei tomt nedst i Finsgarden, seinare Kjøpmannsgata, for 5000 kroner. Rudolf grov sjølv ut tomta, men fekk hjelp av nokre ivrige ungdomar.