Damelaget rykka opp ein divisjon

Arkivfoto  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyhende

Styret i Hødd handball melder i kveld at damelaget til Hødd handball rykkje ropp frå fjerde- til tredjedivisjon.

Volda tok ein klar siger over Træff sundag, og med det er det duka for nye og større utfordringar for Hødd komande sesong.

Klubben har hatt opprykk som mål i fleire år. Dei har vore nære fleire gonger, og no er dei endeleg der. Styret skriv på Facebook i kveld at dei meiner at satsinga på ein profesjonell trenar med ansvar for oppfølginga av dei eldste gruppene i klubben har vore rett. Dei vil rette ein stor takk til Marina Bazzaeo for arbeidet ho har lagt ned for klubbensiste året. Etter sesongen vel ho å forlate Hødd til nye utfordringar i Bergsøy. Dei skulle gjerne hatt henne med vidare, men har forståing for at ho valde eit tilbod som passar ho betre.

Hødd handball vil lyse ut etter trenar/-ar som ønskjer å ta stafettpinnen vidare. Dei er opne for fleire måtar å organisere dette på.

- Vi trur at opprykket gjer Hødd til ein meir attraktiv klubb både for nye og eksisterande spelarar og for potensielle trenarar, og vi håpar at det også er med å inspirera yngre utøvarar som ser at ein kan få gode utfordringar i eigen klubb, skriv styret.

Styret i handballgruppa gler seg til arbeidet mot ein ny sesong, og ønskjer å takke alle spelarar, frivillige trenarar, lagleiarar, og foreldre/føresette som legg ned eit imponerande arbeid for borna i klubben - og er hjørnesteinen av handballgruppa sin eksistens.