Lanserer e-sportliga på Søre Sunnmøre

Ole-Andreas Skår og Herøy LAN er viktige samarbeidspartnarar for Tussa.   Foto: Tussa

Nyhende

Tussaligaen skal samle spelinteresserte ungdomar og vaksne på Søre Sunnmrøe. Interessar for e-sport er i ferd med å bli stor i Noreg. Gjennom Tussaligaen kan lokale ungdomar og vaksne konkurrere i utvalde onlinespel.

Over påske vil Tussa vil opne for påmelding.

Det blir mogleg å konkurrere i Rocket League, Fifa 19 og Counter Strike: Global Offensive.

- Vi ser fram til å skape ein arena på søre Sunnmøre der lokale spelinteresserte kan møtast for å konkurrere. Vi har eit ønskje om at e-sport skal stimulere til god spelkultur og samhald, og etter kvart bli ein velorganisert breiddeidrett i området vårt. Som eit ledd i dette har vi inngått eit samarbeid med Barnevakten, ein ideell foreldreorganisasjon som arbeider for at barn og unge skal bruke media på ein trygg og bevisst måte, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT i ei pressemelding.

Tussa samarbeider med lokale eldsjeler som Ole-Andreas Skår frå Herøy, som har gjort karriere av e-sport. Han er i dag manager for Nordavind, eit av Noreg sine beste e-sportlag. Andre viktige samarbeidspartnarar er Herøy LAN og Burnout Dataparty/Ulstein LAN.


E-sport, eller elektronisk sport, er konkurransespeling der utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike spel på datamaskin eller spelkonsollar. E-sport er i sterk vekst og engasjerer millionar over heile verda. Det har blitt populært å følgje turneringar gjennom kanalar som Twitch og YouTube.