Lokale fotballtalent på landslagsskule

Helle Rindal, Guro Hammer Røn og Hilde Årsbog Bjåstad.   Foto: pressefoto

Mats Brænde Helle, Syver Skundberg Skeide, Ørn Flø og Henrik Molvær Melland.   Foto: Bildbyrån

Nyhende

Den siste veka har Equinor Talentleir blitt arrangert i Sarpsborg. Her har dei største talenta på 14 og 15 år vore. Equinor Talentleir er siste steg for eit eventuelt landslagsuttak.

Ein av dei som var på samlinga var Hilde Årsbod Bjåstad frå Hareid. - Det har vore kjempegøy å vere på Equnior Talentleir. Eg har blitt kjent med mange nye kjekke folk, seier Bjåstad i ei pressemelding frå Norges Fotballforbund. Det unge talentet synest det var skikkeleg stort å få vere med på denne og har fått lært mange nye ting ho vil ta med seg heim og øve meir på.

På samlinga var også Ørn Flø og Syver Skundberg Skeide frå IL Hødd.

- Dette er første gongen at jenter fødd i 2005 er inne på eit nasjonalt tiltak. 2004-jentene opplever for første gong å bli plasserte i ein tropp som anten heiter landslag eller skuggelandslag. Det er eit signal om at ting byrjar å spisse seg til. Første offisielle landskampar for kullet er ikkje mange månadene unna, og me byrja rå førebu oss in mot det, seier fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland, i same pressemelding.

Målet med samlinga er å gje spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei truleg jobbar endå betre i kvardagen. Det er tøff konkurranse om plassane, så spelarane kan vere stolte over å ha blitt tatt ut her.

Syver Skundberg Bjåstad syntest også det var veldig kjekt å få bli med på noko sånt. - Du får matche deg mot dei aller beste i heile landet og møte mange nye folk. Du får også motivasjon som du tar med deg til treningskvardagen, sa han.