Folkemøte på Skeide, Ulstein og Flø:

- Håper politikarane no har forstått bekymringane våre

Temperaturen vart etter kvart høg under folkemøtet på Ljosheim måndag kveld. Og heilt på tampen av møtet ville Linda Sævik vite om ordføraren hadde teke innover seg uroa dei som bur langs Fløvegen har for trafikktilhøva langs vegen.

Linda Sævik, som er busett på Skeide, håper ordføraren etter folkemøtet på Ulstein, forstår at innbyggjarane ikkje er tverre, men ber på ei frykt for tilhøva for mjuke trafikkantar langs Fløvegen. 

Nyhende

I høve til dei andre grendene der Ulstein kommune til no har gjennomført opne folkemøte, var oppmøtet på Ljosheim godt. Og etter at lensmann Hans-Erik Pettersen og rådmann Verner Larsen hadde hatt sine orienteringar, var det klart for den opne delen, der dei frammøtte kunne få spørje ordføraren, lensmannen og rådmannen om det dei måtte ha på hjartet.