Davi Turbo kjøper konkurrent

Davi Turbo, som har hovudkontor på Leinøy i Herøy, har inngått ein avtale om å kjøpe 100 prosent av aksjane i Persson Maskinservice AB i Sverige.

Davi Turbo, som har hovudkontor på Leinøy i Herøy, har kjøpt den svenske konkurrenten Perssons maskinservice AB. Adm.dir. Roger Kaldhol til høgre. Pressefoto. 

Nyhende

- Davi Turbu vil gjennom kjøpet styrke kapasiteten på turboteknikarar og auke talet på lagerdeler med om lag 30 prosent. Lagermessig vil Davi Turbo ha meir enn 1500 turboar og om lag 20.000 ulike artiklar på lager, klar for levering frå dei 12 turboverkstadane i Skandinavia, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Perssons maskinservice har sidan 1970-talet drive med delar, service og reparasjon på turboladarar til farty i alle storleikar, og er ein av dei leiande aktørane på dette feltet i Sverige, Danmark, Finland og Aust-Europa.

- Kjøpet av firmaet har allereie resultert i fleire store ordrar frå kundar som velsignar satsinga, står det i pressemeldinga frå Davi Turbo.

Selskapet har no totalt 12 turboverkstadar, i tillegg til ni i Norge har dei to i Sverige og eit i Norge.