Digitalisering av helsestasjonane

Den nye nettportalen er lansert

På nett: Brukarane av helsestasjonane forventar finne naudsynt informasjon på nett. Difor har helsestasjonane i Sjustjerna gått saman for å gjere eit løft på dette området. Hovudføremålet er å gjere tenestene til helsestasjonane lettare tilgjengeleg for brukarane. Kristin Meli, Inge Pettersen og Wenche Gjerde Sætre (i front) fortel at nettportalen også blir brukarvennleg på mobiltelefonar. Foto: Ingvild Aursøy Måseide  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

– Dette blir så bra, jublar leiande helsesjukepleiar Kristin Meli over den nye nettportalen for helsestasjonane på Søre Sunnmøre som vart lansert i går. Helsesjukepleiarane er strålande nøgde med jobben prosjektleiar Inge Pettersen har gjort til no.