Hamre skiftar bank

Hege Karete Hamre startar i ny jobb med Sparebanken Møre. (pressefoto) 

Nyhende

Sparebanken Møre har tilsett Hege Karete Hamre som ny leiar for Næringsliv på Søre Sunnmøre.

Hamre er fødd og oppvaksen i Volda. Ho er utdanna revisor og kjem frå stillinga som regiondirektør for Sparebank 1 Regnskapshuset. Ho har også lang erfaring frå leiinga i Furene AS, og ei rekkje styreverv.

Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet. Selskap innan næringar som fiskeri, verft og eigedom utgjer ein stor del av porteføljen innan næringsliv.

– Eg ser fram til nye utfordringar i ein solid og veldriven bank – med mange dyktige medarbeidarar og det mest spennande næringslivet i landet som kundar. Som bank er Sparebanken Møre ein viktig aktør for næringslivet, men også ei sentral drivkraft for samfunnsutviklinga. Betydelege midlar går tilbake til lokalsamfunnet, og det er ein stor motivasjonsfaktor å kunne bidra til å gjere det betre å bu og drive næring på Møre, seier Hamre i ei pressemelding frå Sparebanken Møre.

Ho tar til i stillinga den 1. august i år. Ho tar over etter Kjell Jan Brudevol som trer av med pensjon.