Ulstein Næringsforum har tilsett dagleg leiar

Men namnet er hemmeleg

Vi har tilsett ein dagleg leiar i Ulstein Næringsforum, men vi vil ikkje røpe kven det er før på stiftingsmøtet 9. mai, svarer ordførar Knut Erik Engh i Ulstein.

Løyndomsfull: Ordførar Knut Erik Engh, leiar i interimstyret for Ulstein Næringsforum, vil ikkje røpe kven som er tilsett som dagleg leiar før på stiftingsmøtet 9. mai.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Engh er leiar i interimsstyret for Ulstein Næringsforum. Han opplyser at då søknadsfristen for dagleg leiar gjekk ut 1. mars, var det kome inn 11 søkjarar, eit tal som han er godt nøgd med.