Når storpolitikken og kvardagsmennesket møtest

Bokhandelen på Ishavsmuseet i Brandal har hatt ein god kunde i Svend Otto Remøe. I samband med arbeidet sitt med boka «Fanget i polarisen», har han lest seg opp på polarhistorie og avdekt ei spanande historie der storpolitikken grip inn i lagnaden til enkeltmennesket.

Frå omslaget til boka: Mannskapet om bord på D/S «Remøy». Foto: Privat 

Nyhende

Svend Otto Remøe har vakse opp med familielegenda om farfaren Sigvald og mannskapet på selfangaren D/S «Remøy» som i 1921 vart arrestert av russarane under selfangst i Kvitsjøen og haldne i fangenskap i Arkhangelsk.