Tek opp arven etter oldemora

fornøgd: Malin Tarberg (10) frå Ulsteinvik har spelt trekkspel sidan i fjor haust. Søndag spelte ho på trekkspelkafeen på Reiten. Foto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Det var reine trekkspelbonanzaen då Ulstein Trekkspelklubb inviterte til kafé på Reiten søndag ettermiddag. Heile helga var det «Trivselshelg med Belg», med deltakarar frå fleire kommunar på Sunnmøre og i Romsdal.