Finsgardløa er no historie

Finsgardløa i Hareid sentrum vart riven i denne veka.

Finsgardløa på Hareid er riven  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

Løa vart bygd før 1900 av Finsgard-Laurits, Laurits Hareide (fødd Mork), og garden har sidan gått i arv i fire generasjonar. Dei siste som dreiv garden var ekteparet Steinar og Aslaug Kvalsvik. Fram til 1973 var det i periodar både sauer, kyr og oksar i Finsgardløa. Men markane i Finsgarden ligg sentrumsnært, og bukollektivet «Hjellebakken», butikken Euro-Spar og ein del privatbustader er ført opp på det som tidlegare høyrde til gardsbruken.

På tomta der Finsgardløa stod skal ein småbarnsfamilie føre opp ein privatbustad.