Tid for hjorteteljing

Hjort på Lågheida 1.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

Det vert vårteljing av hjort natt til laurdag 13. april og natt til laurdag 4. mai.

Teljinga vert utført frå midnatt og fram til mot kl. 6.00 i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

Teljingane vert organisert lokalt i kvar kommune.


Teljinga vert utført med systematisk søk, og bruk av kraftig lys, over all innmark.

Det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljingane er ein av faktorane som vert nytta i forvaltinga av hjorten på søre Sunnmøre.

Samla resultat av teljingane vert publisert på kommunane sine heimesider.