Alt klart for den store bulkedagen

Fredag er den store utfartsdagen i påskeferien. Talet på bulkeskadar ligg 30 prosent over det som er gjennomsnittet. – Stress ned og ta det med ro, er rådet til bilistane.  Foto: Vidar Ruud/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Omtrent halvparten av befolkninga drar på påskeferie. Fredag er den største bulkedagen, og i fjor vart det meldt inn 1.658 bilskadar berre denne eine dagen.

Det er 30 prosent fleire bulkeskadar fredag før palmesøndag enn det som er vanleg på ein gjennomsnittsdag.

– Det er hundrevis av påkøyringar, gjerne bakfrå, ved rygging eller på parkerte bilar. Ingen andre dagar i påsken er i nærleiken av å ha så mange trafikkulykker som bulkefredagen, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Statistikken frå Finans Norge fortel at dei aller fleste trafikkulykkene skjer tidleg i påsken, gjerne dei første dagane. I fjor var det over 12.000 ulykker totalt i påsken, noko som kosta forsikringsselskapa rundt 264 millionar kroner.

Bruk god tid

– Det er betre å komme fram litt seinare enn ikkje i det heile. Mange køyrer på vegar dei ikkje er vande til å køyre på. Vêret og føret kan vere skiftande og krevande. Bruk den tida som trengst. For høg fart og unødvendige forbikøyringar som skaper farlege situasjonar, er dessverre gjengangarar i påskeulykkene, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Statens vegvesen.

Han er overraska over at så mange har det så ubegripeleg travelt i påsketrafikken.

– Senk farten, følg køen og dropp farlege forbikøyringar. Du sparer nesten inga tid på vågale val, men utset deg og andre for fare, understrekar han.

Kvart år skjer det om lag 70 ulykker med personskadar i påsketrafikken. I fjor mista ingen livet i påsketrafikken mot éin i 2017, tre i 2016, éin i 2015 og fire i 2014.

Mest kø på returen

På nokre strekningar blir det både dobling og tredobling av den normale trafikken i påsken, men det er når folk skal heim frå ferien at det blir mest forseinkingar.

Åsmund Møller Johansen, senior kommunikasjonsrådgivar i Statens vegvesen, rår derfor folk til å dra heim frå fjellet enten tidleg på morgonen eller seint på kvelden, og viss mogleg unngå å reise heim 1. eller 2. påskedag.

Samtidig er han ikkje heilt sikker på om det blir det vanlege trafikkaoset denne påsken.

– Påskeutfarten er ikkje like utfordrande som før då det var meir konsentrert trafikk før palmesøndag. I år kjem påsken seint, og fleire vil kanskje oppsøke sjø eller by i staden for fjellet. Det kan bety at trafikken spreier seg på fleire vegar, eller at det blir mindre trafikk på vegane, seier Johansen.

Unngå ladekø

Påskeutfarten omfattar ein stadig større del elektriske bilar, og i fjor måtte elbilistar på sterkt trafikkerte ladeplassar stå svært lenge i kø for å få fylt opp batteriet. Sidan påsken i fjor har det komme over 70.000 nye elbilar på vegane, samtidig som lademoglegheitene har vorte betre, men NAF finn likevel grunn til å rå elbilistane til å ha dette i tankane.

– Det er ingen grunn til å tru at det blir betre denne påsken, snarare tvert imot. Med elbil må ein òg planlegge for å unngå kø på ladestasjonen, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

Ho ber alle elbilistar om, som eit minimum, sørge for at påskeutfarten heimanfrå startar med fullada batteri.

– Må du lade undervegs, kan det lønne seg å køyre på andre tidspunkt enn alle andre. Då slepp du kø både på vegen og ladestasjonen. På ladestasjonen er det viktig å ikkje la bilen stå til lading unødvendig lenge. Det er viktig å ta omsyn til kvarandre på ladestasjonen, oppfordrar ho.