Fotballhall-saka skapte diskusjon, men:

Kommunestyret godkjende auka kostnadsramme

Assisterande rådmann Kariann Bigseth åtvara mot kostnadane ved fotballhallen, men til inga nytte. Den utvida kostnadsramma blei vedtatt av kommunestyret, mot éi stemme.  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Nyhende

I eit møte der administrasjonen fekk seg nokre verbale smekkar frå fleire av politikarane for å ikkje ha hatt god nok kontroll med konsulenttenestene og kalkuleringa av kostnadsrammer, var det den siste saka som førte til mest diskusjon.