Rehabilitering av kaia blir dyrare enn venta

Det har liten hensikt å rehabilitere kaia utan å ta dei ekstra kostnadene ved å sikre kaia. Tilrådinga er difor å løyve meir pengar til prosjektet.   Foto: Erlend Friestad

Nyhende

Fiskerikaia og fritidskaia ved Pakkhuset i Brandal er under rehabilitering. Det skal også etablerast to nye kaier med universell tilkomst på sørsida av Pakkhuset.

I desember 2018 vedtok Hareid kommunestyre å løyve 2,22 millionar kroner inkl. MVA til prosjektet. Summen vart løyvd ut frå konsulentfirmaet Conplan sine synfaringar, teikningar og tilrådingar. Prosjektet vart seinare lagt ut på Doffin. Hareid kommune er godt nøgde med Ulstein Entreprenør As som vann anbodskonkurransen, med eit anbod som var godt innafor den ramma som kommunestyret løyvde.

Men då entreprenøren skulle førebu arbeidet sitt såg dei at eksisterande setningsskadar i støttemuren under fiskerikaia. Dei sende ei bekymringsmelding til kommunen. Byggherre kunne ved synfaring, ved lågt vasnivå, konstatere at det neppe ville vere tilrådeleg å gå vidare med prosjektet, utan å gjere eit sikringsarbeide i støttemuren, heiter det i sakspapira til Hareid kommunestyre.

Arbeidet dei må foreta seg er omfattande og kostbart. Rådmannen rår politikarane til å løyve 800 000 kroner i tillegg til den summen dei løyvde i desember.

Samrøystes i formannskapet

Tidlegare i veka var Hareid formannskap på ei synfaring til Brandal før dei gjorde vedtak i saka. Dei gjekk samrøystes inn for tilrådinga frå rådmannen. I kveld skal saka opp til endeleg vedtak i kommunestyret.