Scora nest-mest i 4.-divisjon

June Skeide Bergseth var den lokale spelaren som scora mest i løpet av den siste sesongen.

Målfarleg: June Skeide Bergseth har vore ein viktig brikke for Hareid også denne sesongen. Ho scora nest-mest av alle i avdelinga med sine 123 mål.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Handballsesongen i 4.-divisjon er over og Hødd sikra seg opprykket med sin fjerdeplass i avdelinga. No er det også klart kven som scora flest mål i løpet av sesongen.

Rollon-spelaren Turid Myklebust Øiehaug var den aller mest målfarlege i 4.-divisjon avdeling 1 med sine 137 mål, medan June Skeide Bergseth på Hareid stod for 123 mål totalt i løpet av 2018/19-sesongen. Ho scora også meir enn Myklebust Øiehaug i ope spel, men berre 11 straffescoringar mot 27 for Rollon-spelaren.

Thale Sandanger Veddegjerde frå Hødd scora femte mest i avdelinga med sine 98 mål, men ho spelte berre 12 kampar og hadde det nest-høgste scoringssnittet med 8,2 mål per kamp.

Marte Åsmo var like utanfor topp ti på ein 11.-plass med sine 74 mål.

Statistikken frå handballforbundet viser også kva lag som var «røffast» i løpet av sesongen. Der toppar Hareid lista med sine 67 tominuttarar og to raude kort.