Torsdag kveld:

Traktor og ATV i grøfta på Nesset - mistanke om promillekøyring

Ein traktor og ein ATV ligg kolva i grøfta på Nesset.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Vikebladet Vestposten fekk torsdag kveld tips frå ein lesar om ei hending som hadde funne stad på Nesset i Hareid kommune same kveld.

Ein person skal først ha køyrt ein ATV ut av vegbana og ut i grøfta. Vedkomande hadde så henta ein mindre ATV for å prøve å få den første opp av grøfta, men det gjekk ikkje. Personen henta så ein traktor for å prøve å få opp ATV-en, men denne hamna også i grøfta.

Ein politipatrulje kom etter kvart til staden for å avhøyre personen, og vedkomande nekta for å ha køyrt i ruspåverka tilstand.

Klokka 22.30 bekrefta operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt at det er mistanke om promillekøyring. Vedkomande som køyrde køyretøya ut i grøfta er ikkje skadd, men blåste til utslag på alkometeret - og blei så frakta til legevakta for å ta ei blodprøve.