Innbyggarundersøkinga 2019 i Hareid:

- Viktig at vi prøver å påverke

Søndag 14. april er siste frist til å svare på innbyggjarundersøkinga i Hareid. Anne Marie Waagen Hareide meiner det er viktig at folk svarar.

Birgit Bergh og 9.-klassingen Oline Ulstein Bigset fann tonen. - Eg har ingen ting å klage på. Det einaste måtte vere at eg ikkje har visst om tilbodet her ved Dagsenteret før no. Det er fantastisk å få kome hit ein dag i veka, smiler 82-åringen.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Anne Marie Vaagen Hareide får hjelp av 9.-klassingen Emma Grimstad til å kome seg inn på Innbyggarundersøkinga.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

- Vi bur i ein flott kommune, men det er alltids ting som kunne vore gjort betre, og eg synest vi som innbyggjarar bør nytte sjansen til å seie kva vi meiner når vi får tilbod om å vere med på ei slik undersøking, kommenterer Vaagen Hareid.

Berre 14 prosent har svart hittil

Hittil har berre 14 prosent av dei røysteføre i kommunen svart, og det meiner informasjonskonsulent Erlend Friestad i Hareid kommune er altfor dårleg.

– Det er viktig at folk svarer. Rådmannen har sagt at administrasjonen skal sjå til resultatet frå undersøkinga når kommunen skal prioritere og planlegge framover. Der er mange relevante spørsmål om livet i Hareid. Til dømes kva folk synest om tilboda ved Hadartun, fastlegeordninga, skulane, vegstandard, omdømme og friluftsliv. Og tilliten som folk har til administrasjon og politikarar, forklarer Friestad, som understrekar at svara er anonyme. – Dei som ikkje svarer på undersøkinga går glipp av ein sjanse til å påverke korleis Hareid skal bli i framtida, legg han til.

Ungdomsskuleelevar har hjelpt til

I førre veke var elevar frå Hareid ungdomsskule på Hadartun for å hjelpe dei som bur der med å svare. I tillegg kan folk få hjelp på Frivilligsentralen og under samkoma Seniornett i dag, torsdag.

Og ved Hareid bibliotek er dei tilsette disponible til å kunne hjelpe folk med å svare på nett i heile opningstida.

Onsdag ettermiddag var elevar frå Hareid ungdomsskule som har «Innsats for andre» som valfag, på dagsenteret for å hjelpe pensjonistane med å svare. Med berbare PC-ar kom dei til Dagsenteret og sette seg ned for å hjelpe pensjonistane inn på nettet.

– Eg synest det er viktig å vere positiv. Vi kan ikkje klage heile tida, uttalte Mossi Hareide. Men ho fekk klar tale frå ei av dei andre kvinnene i sofaen:

– Eg vil i alle fall klage på eigedomsskatten, varsla Karen Rise.

9.-klassingen Oline Ulstein Bigset fekk oppgåva med å logge Birgit Bergh (82) frå Hjørungavåg inn på nettet.

– Eg har ein son som er sjukepleiar i Oslo. Då ektemannen min vart sjuk fekk vi svært god hjelp av heimesjukepleia, og sonen min sa at han var glad for at vi budde i Hareid kommune. Så eg vil ikkje klage, seier Birgit Berg.

Her kan du få nytt passord:

Men informasjonskonsulent Erlend Friestad understrekar at det er viktig å få fram det som folk eventuelt ikkje er nøgde med i denne undersøkinga, så folk skal ikkje vere redde for å klage.

Viss nokon har mist det utsende infokortet, kan dei få nye passord ved å sende mail til: vivilvite@hareid.kommune.no – eller sende melding til kommunen på Hareid kommune si Facebook-side. Svare kan ein gjere på nettsida svar.bedrekommune.no