Leitar etter dokument til Øvrelidsaka:

– Ikkje god nok struktur

Ulstein kommune har i lang tid leita etter dokument som kan fortelje kva kommunen gjorde for dei fem Øvrelidsøskena, som vaks opp på 1960- og 1970-talet.

I arkivet: Ordførar Knut Erik Engh i eitt av arkivromma til Ulstein kommune. Kommunen har den siste tida leita etter dokument i samband med Øvrelidsaka, der fem søsken har saksøkt Ulstein og Hareid kommune for omsorgssvikt.   Foto: Linda Eikrem.

Nyhende

– Det forargar meg at det kjem påstandar om at vi held unna bevis, at vi med vilje har øydelagt dokument, seier ordførar Knut Erik Engh. Han siktar til eit intervju Sunnmørsposten hadde med advokaten til søskena, Mette Yvonne Larsen, denne veka. Der seier Larsen følgjande: «Det å rekonstruere ei sak dersom ting bevisst er fjerna, er krevjande men slett ikkje umogeleg. Mangel på bevis er også eit bevis.»