Tilsyn på skjerma avdeling

Mangla vedtaka for å låse døra

Fylkesmannen var på umeldt tilsyn på Hareid sjukeheim. Konklusjonen var at han fann to brot på lovene og forskriftene.

Skjerma avdeling: Fylkesmannen påpeiker at så lenge det ikkje er gjort ei vurdering av samtykkekompetansen til pasientane på skjerma avdelinga, blir dei rekna som dei har samtykkekompetanse og skal bestemme sjølv. Og då har dei ikkje lov til å låse dei inne på avdelinga. Foto: Anne Gry Eilertsen  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

I midten av februar gjennomførte Fylkesmannen eit umeldt tilsyn med Hareid kommune. Han ville sjå om Hareid sjukeheim sørgjer for at helsetenester med tvang til personar utan samtykkekompetanse blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav, slik at pasientane får trygge og gode tenester.