Snart kjem batteribygget

Teikningane viser kvar batterbygget, ladetårnet med meir kjem.   Foto: Norconsult

Nyhende

Om Næring- og miljøutvalet i Hareid seier ja til søknaden frå Fjord1, kjem det snart batteribygg, ladetårn, fortøyningsautomat, tekniske installasjonar  og anna naudsynt utstyr for å at ferjene mellom Hareid og Sulesund skal gå på elektrisitet.

Hareid kommune har gitt rammeløyve til dette før, men no har altså Fjord 1 søkt om igangsetting for tiltaket. Og den søknaden skal næring- og miljøutvalet handsame første tysdag over påske (23. april).

I byggjeperioden vil pakeringsplassane i nærleiken av batteribygget bli brukt som riggområde. Det er utarbeidd avtale med Hapark for bruk av parkeringsplassar i rigg-perioden. I avtalen står det at utbyggjar skal betale 20 000 kr i månaden til Hapark. Avtalen gjeld for fire månader, pluss opsjon på fire einskildmånader.

Medan arbeidet pågår vil også innkøyringa til ferjekaia leggjast om, så her bør bilistar vere vakne og følgje skiltinga som kjem.

Administrasjonen meiner løyvet er i samsvar med rammeløyvet, og rår NMU til å godkjenne igangsettingsløyvet.