Stilte spørsmål ved konsulentbruken kring kommunale prosjekt:

– Ingen hyggeleg situasjon

Handsaminga av saka som eigentleg gjaldt ei tilleggsløyving til rehabilitering av kaia i Brandal gjekk meir over i ein debatt kring konsulentbruken til Hareid kommune – og at ein gong på gong opplever kostnadsoverskridingar.

Ikkje nøgd: Ottar Røyset i Hareid Høgre, men også fleire av kommunestyrepolitikarane, var ikkje nådige i sin kritikk av konsulenttenestene kommunen har kjøpt i høve fleire prosjekt dei siste åra. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

I tilrådinga frå rådmann Ragnhild Velsvik Berge med omsyn til rehabilitering av kaia i Brandal gjekk det fram at kommunen ved kommunestyret skulle gi ei ekstraløyving på 800.000 kroner.