Dette skjedde natt til laurdag:

Tjuveri frå utestad

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde via sin Twitter-konto klokka 04.40 om ei hending som fann stad i Ulsteinvik, natt til laurdag. Klokka 01.29 blei det meldt om eit tjuveri frå ein utestad. Ein mann i slutten av tenåra leverte tilbake tjuvgodset, og fekk eit munnleg pålegg. Mannen blei ikkje meld for tjuveriet.

Også natt til laurdag blei eit køyretøy i Ulsteinvik avskilta då det ikkje hadde blitt gjennomført kontroll på det.