Eventuell vindkraftutbygging i fjella på Hareidlandet:

Engasjementet bør snart kome

Godt Eigna for vindkraftutbygging: Fjellsida ovanfor Rise, med Kiberget i bakgrunnen er godt eigna for vindmølleproduksjon.  Foto: Leiv Arne Grimstad.

Førebels har det vore lite engasjement

Linda Eikrem, redaktør
Nyhende

Les denne vekas leiar forfatta av redaktør Linda Eikrem:

Fjella her på Hareidlandet er svært tilgjengelege og mykje brukte turmål. Nyleg vart det klart at området også er godt eigna til vindkraftutbygging, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.

I fjor la direktoratet fram ei liste over 43 aktuelle vindkraftområde i Noreg. Lista er no redusert til tretten område, der fjella nord for Hareidsdalen er med i området som omfattar tolv kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord. Felles for områda er at nesten ingen ligg heilt ute ved kysten og heller ikkje på høgfjellet.

NVE-direktør Kjetil Lund sa følgjande til NRK då lista vart lagt fram: «Kartet skal ikkje lesast som at vi meiner at det skal vere fritt fram for vindkraft. Det er ikkje ein utbyggingsplan eller ein tempoplan, det er ei fagleg vurdering av områda som er best eigna for vindkraft.»

Spørsmålet er om Noreg skal satse på fornybar energi og dermed også godta store inngrep i naturen. Diskusjonen om vindkraft på land er splittande, særleg i miljø- og naturvernkrinsar, og det er venta stort lokalt engasjement fleire stader i landet. Til dømes har Naturvernforbundet i Hordaland varsla demonstrasjonar fleire stader 12. mai.

Førebels har det vore lite engasjement for eller imot ei eventuell vindkraftutbygging i fjella på Hareidlandet. Engasjementet bør snart kome, for lista frå NVE skal no sendast ut på høyring. Det er også naturleg at denne saka blir eit tema i valkampen, slik at veljarane får vite kva dei ulike partia i Hareid og Ulstein meiner om ei eventuell vindkraftutbygging.