Køyrde inn i hage

Ein bil vart rygga utfor vegen og hamna i ein hage ved Garsholvegen. Foto: Tipsar.  

Nyhende

Politiet melder måndag kveld at eit køyretøy er køyrd inn i ein hage i Garsholvegen. Politiet er på staden.

Etter det Vikebladet Vestposten får opplyst skal bilen ha blitt rygga utfor vegen og deretter rulla inn i ein hage. Det skal ha vore to personar i bilen.

I ei oppdatering frå politiet skriv dei at føraren av bilen ikkje hadde gyldig førarkort. Dei stadfestar at det ikkje er mistanke om rus, men at politiet vil melde saka og vil snakke med vedkomande sine føresette.

Det var ikkje snakk om personskade og berre mindre skader på tredjemanns eigedom, skriv politiet på twitter.