Tiltalt for fyllekøyring

Nyhende

Ein mann i 30-åra, busett på Hareid, er tiltalt for fyllekøyring.

Ifølgje tiltalen hadde han 1,78 promille i blodet då han vart stoppa i Leikongvegen i Sande natt til 1. september 2017.

Mannen må møte i Søre Sunnmøre tingrett i juni.