19 søknadar om kulturmidlar

Rådmannen råd til at Hareid skulekorps skal få 8000 kroner i kulturmidlar. Det er levekårsutvalet som skal fordele midlane i sitt møtet over påske.  

Nyhende

Onsdag over påske har levekårsutvalet i Hareid møte. Dei skal der fordele årets kulturmidlar til lag og organisasjonar. Rådmannen rår til at Hareid skulekorps får 8000, Hjørungavåg KFUK/KFUM 5000, Hareid idrettslag 25 000, Hareidlandet Triatlon 5000, Bigset Kulturoase 6000, Brøytekant 8000, Hareid Sanitetslag 10 000 og Bigset Skulekorps 8000.

Det kom inn 19 søknader etter at tildelinga var lyst ut i Vikebladet Vestposten.