Hareid søkjer jurist

Hareid kommune vil tilsetje ein jurist i fast stilling på rådhuset.   Foto: Marius Myklebust

Nyhende

Hareid kommune søkjer etter ein jurist. Dei tilbyr 100 prosent fast stilling på Hareid rådhus frå 1. juli i år.

Kommunen søkjer ein person med juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Du må ha gode datakunnskapar og kommunisere godt både munnleg og skriftleg. Det er også opplyst om at administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.

Kommunen søkjer etter ein jurist som er løysingsorientert, sjølvstendig og har høg gjennomføringsevne.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere rådgjeving og sakshandsaming innafor ansvarsområda i eininga for kommunalteknikk og VAR i sektor for samfunnsutvikling. Det vil vere førebuing og oppfølging av politiske saker, arbeid med forskrifter, regelarbeid og offentlege anskaffingar.

Søknadsfristen er 23. april 2019.