Nokre minne om frakteskuta «Nordenskjold»

Det var ikkje berre fiske- og fangstfartøy det var mykje av i Hareid kommune i 50- og 60-åra. Der var også mange fraktebåtar, skriv Roger Korsnes.

Frakteskuta «Nordenskjold»: Skipsflåten i Hareid bestod ikkje berre av fiske- og fangstbåtar på 50- og 60-talet. Det fanst også mange frakteskuter. 

Nyhende

Alle, både fiske-, fangst- og fraktebåtane, er borte no, bortsett frå dei som er verna og på museum. Det er forskjellige årsaker til det, men det skal eg ikkje prøve å nøste opp i.

Ein av fraktebåtane på den tida var M/S «Nordenskjold». Det var ein av dei minste fraktebåtane i kommunen. Eigar var Ole J. Teigene & sønner. Dei gjekk mellom anna fleire turar til Lofoten og henta torskehaud og torskeryggar som blei malne opp til beinmjøl på Mylnå på Hareid. Skuta blei også brukt til forskjellig frakting her i distriktet. Dei som var mannskap på den tid eg tenkjer på, var Einar og Erling Hovlid og motorpassar Arnleif Jensen.

Lossa murstein

Eg var aldri med som mannskap på «Nordenskjold», men var med og lossa murstein to, tre gongar. Eg er ikkje sikker på kva år det var, men eg veit det var før eg blei konfirmert i 1952. Det var tre personar i lasterommet som plukka murstein oppi ei kasse. Når kassa var full, blei ho hivd på land. På kaia stod Knut Holstad med lastebilen og tok i mot.

No i ettertid har eg byrja å tenkje på kven eg stod og jobba i lag med, sjølv om det berre var nokre timar. Ifølgje bygdeboka for Hareid og Ulstein stod eg og arbeidde i lag med ein person som eg synest er litt historisk. Han heitte Sigvald Hareide (Nobba-Sigvald) og den første som blei døypt i den nye Hareids-kyrkja. Den andre eg jobba i lag med var Sigfred Slettebakk (Siggen) som ofte var med på slike jobbar.

«Nordenskjold» hadde mekanisk vinsj der det gjekk ein aksling frå hovudmotoren til vinsja ved mastra på dekk. Akslingen var festa oppunder dekksbjelkane. No var akslingen kledd og skjerma, men det hadde han dessverre ikkje alltid vore.

Stygg ulukke

I 1947 var Tor Håbakk og to kameratar med og skulle losse murstein på «Nordenskjold». Medan dei heldt på i lasterommet, kom Tor i ubalanse. Han skulle ta seg føre, men uheldigvis var det ein skøyt på akslingen. Der var fleire boltar som stakk ut. Tor blei først fast med den eine handa og blei pressa mellom dekk og aksling. Erling som stod i vinsja, sprang bak til keisinga. Der var det ein hendel som han kunne kople frå akslingen med. Men skaden var skjedd og var omfattande.

Tor blei send med sjøfly til Ålesund sjukehus, men dessverre. Han hadde fått så store skader at livet ikkje stod til å redde. Tor blei berre 15 år. Eg hugsar at denne hendinga gjekk hardt inn på oss som var yngre.

Heldigvis var det også hyggelegare ting som «Nordenskjold» var involvert i.

Plukka opp tysk flygar

På slutten av krigen vart eit tysk fly skote i brann og styrta i sjøen utfor Hareidlandet. Flygaren hoppa ut i fallskjerm.

Rudolf Andersson var på veg over fjorden i robåt og var den første som kom bort til flygaren. Rudolf såg at det kom andre båtar til, så han heldt flygaren til dei kom fram til. Severin J. Brandal (Sylla) var mannskap på «Nordingen». Dei låg ved Johanbuda. Då han såg kva som hadde hendt, tok han notbåten og køyrde bort. «Nordenskjold» gjekk også bort og hjelpte til. Dei fekk flygaren om bord. Tyskarane på Kvitneset hadde følgt med i det som skjedde, så dei stod på kaia då dei kom inn. Dei var svært glade og takksame for at flygaren deira vart berga.

For nokre år sidan var det ein diskusjon i lokalavisa om kvar i fjorden bortanfor Hareidlandet det var at det tyske krigsflyet styrta. Severin J. Brandal var og grov ut tomta mi på Korsneset. Han kunne ikkje med visse seie kor mange hundre meter det var frå land her, men retninga over fjorden var han meir sikker på. Ein plass mellom nordre husa på Masdal og Rotaneset meinte han flyet styrta.

Då er vi i alle fall to som såg og meiner det same.