Opnar kyrkja for tamilane

Hareid kyrkje i måneskin.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

I samband med bombetragedien i Sri Lanka har sokneprest Leidulv Grimstad tatt kontakt med Sunnmørsk Tamilsk Forening og sagt at Hareid kyrkje stiller med open kyrkje frå klokka fem i ettermiddag (22. april).

Her kan tamilane kome saman, tenne lys og snakka saman.

Det blir helsingar og talar frå tamilar.

Soknepresten tenkjer det kan vere godt for dei å kome saman i fellesskap. Det er ope for tamilar frå Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, og elles alle andre som vil kome og vise solidaritet.