Forbode å mate fuglar ved Amfi

Nyleg vart det hengt opp skilt ved Amfi i Ulsteinvik, som fortel at det no er forbode å mate fuglar i området.

Forbodsskilt: Nyleg vart det hengt opp skilt ved Sauneselva, som fortel at det er forbode å mate fuglar på Amfiområdet i Ulsteinvik. Foto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Det er klart vi er redde for at kundar kan bli skremde vekk av fugleskiten

Nyhende

– Fuglemating har vorte eit stort problem i området, fordi det trekkjer til seg veldig mange måsar og kråker, altså ikkje berre endene som held til i Sauneselva. Det seier Trond Are Thomassen i Brattøra Eiendom, som eig alle bygningane og parkeringsområda ved kjøpesenteret.