Smak av Ulstein 13. - 16. juni:

Duka for folkeliv og kultur

Arrangørane gler seg til kjekke aktivitetar i Ulsteinvik 13.–16. juni. Eitt av dei store trekkplastera blir utekonsert med Dance With A Stranger.

UTEKONSERT: Dance With A Stranger med Bjørn Jenssen, Øivind Elgenes og Frode Alnæs spelar på utescena på festivalområdet laurdagen under til Smak av Ulstein. Det er berre å gle seg til «Everyone Needs a Friend» og andre klassikarar frå gruppa.   Foto: foto: DWAS Pressefoto.

Kjell Elvis: Kjell Henning Bjørnestad er kåra til den beste Elvis-imitatoren i Europa. Fredag 14. juni kan du oppleve han under Smak av Ulstein 

Nyhende

Det er Ulstein kommune ved kulturkontoret som arrangerer Smak av Ulstein. Dei ventar mykje folk til Ulsteinvik desse dagane, og kulturavdelinga tek gjerne imot fleire programpostar arrangert av frivillige denne helga. Billettsalet til dei store arrangementa blir fortløpande lagt ut på nettsida til Sjøborg.

Dansegalla i teltet

Fredag 14. juni vert det konsert og show med «heile Norges-Elvis» – Kjell Elvis, og dansegalla med populære Gutta frå Scandinavia. Kjell Elvis er ein entertainer i særklasse. Han har ein karriere på over 20 år i underhaldningsbransjen, og er kåra til Europas beste Elvis-imitator. Kjell Elvis held også konsert på dagtid, og etter konserten om kvelden, spelar Gutta frå Scandinavia opp til dans i festivalteltet.

Humor med Dex Carrington

Fredag er den også klart for standup på Sjøborg. I år kjem Dex Carrington, denne gongen åleine med si første soloframsyning «Dexcellent». Dex tok Norge med storm då han dukka opp på VGTV i reiseprogrammet «Dexpedition» i 2011. Sidan har den engelsktalande komikaren dukka opp på film, TV og det store internettet, seinast som agenten til Zlatan Ibrahimovich i dei morosame reklameinnslaga for klesmerket A-Z. M. Samstundes har han utvikla seg til å bli ein av dei fremste stand-uparane i landet.

– Vi garanterer eit Dexellent Show, kommenterer arrangørane.

Konsert med Dans With A Stranger

Årets store trekkplaster blir utan tvil legendariske Dance With A Stranger, eit av Norges mest suksessrike band siste 30 åra. Dei spelar på utescena på festivalområdet laurdag, og her er det duka for fest. Dance With A Stranger har gjennomført mange konsertar dei siste åra, også festivaljobbar, og i 2019 skal dei gjennomføre ei rekke sommarkonsertar.

– Vi får oppleve Øivind Elgenes, Frode Alnæs og Bjørn Jenssen saman med tre musikarar i ei frisk og vitalisert utgåve, og det er berre å gle seg, lovar gjengen på kulturkontoret.

Ungdomskveld på Sjøborg

Laurdagskvelden vert det ungdommens kveld på Sjøborg, med glowparty og DJ Mariann Rosa (Mariann Thomassen, Surferosa.

Jussi Björling festkonsert

Bror Magnus med fleire solistar og pianist Hallvard Fremstad inviterer søndagen til Jussi Björling-festkonsert på Sjøborg. Meir om dette seinare.