Vårkonsert i Hareidhallen

Sundag kan du sjå og oppleve Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester i Hareidhallen.   Foto: Robert Skeide

Nyhende

I morgon, sundag 28. april, kjem Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester til Hareid og held vårkonsert. I tillegg er Hareid skulekorps, Hjørungavåg skulekorps, Ytre Strøk og tre elevar frå Hareid Musikk- og Kulturskule inviterte til å delta.

Dette vert ein mangfaldig og mektig konsert i Hareidhallen. Det er ikkje kvardagskost at ein får eit fulltalig symfoniorkester på besøk.