Hytteliv

Hytteliv: Interiør frå Dalbakken si familiehytte. 

Nyhende

Om lag ved påsketider kvart år står tema verdiar og verdikonflikt for tur i faget religion og etikk. For å gjere emnet relevant for elevane, spør eg om dei har merka om det er noko foreldra er ueinige om. Her er det duka for meir psykologi og familievern enn eg ønskjer å pirke i, så for å ufarleggjere spørsmålet, gir eg eit døme frå heimlege strender. Det er enkelt, eg fortel berre om familien Dalbakken si hyttepåske.