Konsert gav kroner mot kreft

Prosjektgruppa: F.v. Johannes Sæther Gurskevik, Amanda Rud Garshol, Thea Toftesund og Lucy McMahon Brandal. 

Nyhende

– Det viktigaste vi har lært er at ting ikkje alltid går heilt som planlagt, seier dei unge kulturskuleelevane som nyleg arrangerte sin eigen konsert. Tilskipinga gav 6000 kroner som dei no ønskjer å gi til kreftsaka.