Avskilskonsert for Silje og Viona

Starta som ein lærarspøk

Pianistane: Silje Håheim og Viona Shera heldt avskilskonserten etter ti år ved Ulstein kulturskule. Dei fortel at om dei forelskar seg i ein melodi gjer dei det uavhengig av sjanger. Dei synest båe ragtime er moro å spele. Det krevst ein del øving, men når dei først får det til er det veldig artig.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

For å markere at dei er ferdige ved Ulstein kulturskule heldt Silje Håheim og Viona Shera ein forrykande avskilskonsert på Fredheim sundagskvelden.