Det er gledeleg å sjå at russetida kan brukast til noko positivt

Tysdag denne veka fekk lokalavisa vere med då russen på Ulstein vidaregåande skule mobiliserte for å glede fjorten år gamle Thea.  Foto: Linda Eikrem

Fleire av årets knutereglar handlar om å gjere noko fint for andre

Nyhende

Det er like årvisst som ei snøbye eller to i mai: russefeiringa, markeringa etter tretten års skulegang. Og med den følgjer nesten utan unnatak diskusjonar om denne feiringa eigentleg er utgått på dato, om russen si bråkete framferd, store alkoholinntak og ufornuftige pengebruk.

Slike diskusjonar kjem nok også i år, både nasjonalt og kanskje også lokalt.

Men starten på russefeiringa her lokalt var til å bli rørt av, det bør alle eventuelle kritikarar merke seg. Tysdag denne veka fekk lokalavisa vere med då russen på Ulstein vidaregåande skule mobiliserte for å glede fjorten år gamle Thea, som er svært oppteken av russen. Ho fekk ein stor bunke med russekort, ho fekk prøve russegenser og russelue og sitje på med ein russebil.


 

Då vi delte nettsaka på Facebook, fekk russane fortent skryt frå mange hald: «Flott tiltak av russen, dette er hjartevarmande å lese. Utruleg kjekt gjort av russen. Kjære heile UVS-russen, kjempebra jobba! Dette viser berre kor fin ungdom vi har.»

Historia om Thea og russen blir truleg ikkje ståande som den einaste hjartevarme historia frå årets russefeiring. For fleire av årets knutereglar for UVS-russen handlar om å gjere noko fint for og glede andre. Vikebladet Vestposten ønskjer russen ei fin og innhaldsrik feiring. Det er gledeleg å sjå at ungdomane skjønar at dei er forbilde for mange og at dei kan bruke russetida til noko positivt.