Om tid og tenner

  Foto: Akhararat W/123RF.com

Nyhende

Femåringen vart seks år for nokre dagar sidan. Det var utvilsamt den største dagen i hennar liv. Det å bli eit år eldre er kanskje det sterkaste statussymbolet ho kunne tenke seg. «No er det berre fire år til eg er ti år», ropte ho begeistra då ho vart vekt av morgontrøytt og ustemd bursdagssong på morgonkvisten. I same slengen, miste ho eit par tenner. To nede og ei oppe som ho kunne rigle på. Neste dag hadde dei to oppe dette ut og blitt plassert i eit glas vatn. Tannfeen ville aldri finne på å svikte ein nyfrelst seksåring, fekk eg høyre. Men, eg hadde ikkje mynt på meg. Det har eg ikkje hatt på 10 år, så då eg to minutt før eg skulle legge meg, kom på at dotter forventa mynt i glas neste morgon, var gode råd dyre. Eg fann fram ei gamal reisetaske frå 90-talet og slengte eit par drakme, euros eller liknande i glaset.