Tanken om å bli journalist kom til meg i ungdomsåra

Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll interesserte seg tidleg for journalistikk og 2007 var han redaktør for Ulstein vidaregåande skule si russeavis.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Eg kom til å tenkje på noko her ein dag – at eg faktisk har vore journalist på heiltid sidan 2013. TV- og radiojournalist, og dei siste åra for det meste bladfyk. Snart seks år med mange inntrykk, sterke og store opplevingar – og mange fantastiske historier.