Jomsløpet i Hjørungavåg tysdag

Klart for det tradisjonsrike løpet i Hjørungavåg.

Jomsløpet: Tysdag er det duka for årets Jomsløp i Hjørungavåg.  Foto: Privat

Nyhende

Tysdag 7. mai er det duka for Jomsløpet ved Hjørungavåg skule. Det er Hjørungavåg Idrettslag som arrangerer løpet.

Trine Pilskog i Hjørungavåg IL fortel at dei håpar mange vil legge turen til Hjørungavåg denne dagen, og at ein allereie veit at Hareid IL kjem til å stille med ein solid tropp til løpet.

Jomsløpet er i hovudsak for barn, med rekruttklasse og klassevis inndeling frå 1. – 7.-klasse. Det er også klasse for ungdomskuleelevar.

Løpet er eit kombinert gate- og terrengløp og går på ei løype som er om lag 400 meter lang.

Pilskog fortel at alle som deltek i løpet får medalje og at Hjørungavåg IL vil skape litt blest runde premieutdelinga.

Ifølgje Hjørungavåg IL er det mogleg å melde seg på løpet på staden.