Har fått tilbod om å kjøpe bygget

Framtida til Bjørndals minne er uviss. (arkivfoto)  Foto: Ragnhild Vartdal

Nyhende

Ulstein kommune har fått tilbod frå Bjørndalfondet om å kjøpe eigedomen Bjørndals Minne. Stiftinga ønskjer å selje eigedomen, og då helst til kommunen.

Kommunen skal få eigedomen for 6,8 millionar, då har stiftinga lagt tomteverdi og teknisk verdi til grunn.

"Eit lite, men høveleg bibliotek"

Bygget er oppført i 1954, av stiftinga. Opprinneleg føremål til stiftinga var "å skaffe Ulstein eit lite, men høveleg bibliotek med lesesal, helst av eldfast konstruksjon."

Fram til november 2017 vart huset brukt til bibliotek i Ulstein, men no har biblioteket flytta over til Ulstein Arena. Bygget er ikkje i samsvar med dagens forskrifter, til dømes er det ikkje universell utforming.

Sidan har stiftinga justert føremålet til Fondet sitt virkeområde er "å forvalte fondet sine midlar på ein samfunnsmessig tilfredsstillande måte, og særleg nyttast mot kulturinstitusjonar som bibliotek, skular, utdanning og andre kulturelle føremål. Eventuelle utdelingar frå stiftinga skal skje av avkastninga av grunnkapitalen etter at minimum 10% av netto avkastning er tillagt grunnkapitalen.»

For pengane stiftinga får inn på salet vil dei støtte kulturelle formål.

Ny bruk av Bjørndals Minne

Opp til politikarane

Saka skal opp i levekårsutvalet i Ulstein i morgon, onsdag 8. mai. Administrasjonen rår politikarane til å seie nei til å kjøpe. Dei meiner kommunen ikkje treng dette bygget. I sakspapira står det at huset trengs omtekking/oppgradering av tak. Elles må bygget tilpassast tenkt formål og innhald.

Bygget har eit bruksareal på 525 kvm fordelt på to etasjar. Etter samråd med UEKF har kommuneadministrasjonen kome fram til at det vil koste 5-8 millionar å oppgradere bygget.

Administrasjonen skriv at om kommunestyret meiner at Ulstein kommune skal kjøpe bygget ut frå plassering eller kulturhistorisk verdi, kan kommune gje tilbod om å kjøpe det til 1,5 millionar kroner. Då må ein leggje inn pengar til naudsynt vedlikehald av klokketårnet i budsjettet for 2020, det blir 300 000-500 000 ekstra. Men dette framlegget vil ikkje rådmannen tilrå.

I tillegg til levekårsutvalet skal saka opp i formannskapet og kommuenstyret.