Smak av Ulstein laurdag 15. juni:

Utedans med Dance With A Stranger

Klare for Ulsteinvik:Dance With A Stranger med Bjørn Jenssen, ELG og Frode Alnæs spelar i Festivalteltet under Smak av Ulstein laurdag 15. juni. PRESSEFOTO  Foto: Pressefoto

Nyhende

Det kjem garantert til å bli høg stemning når eit av Norges største band -  Dance With A Stranger spelar opp til konsert i festivalteltet under Smak av Ulstein.

I år skal Dance With A Stranger gjennomføre ei rekke sommarkonsertar i perioden juni – september. Bandmedlemene Øivind Elgenes, Frode Alnæs og Bjørn Jenssen har i tillegg med seg tre musikarar, og saman skal dei syte for stor energi på scena. Kjende låtar som «Everyone Needs a Friend», «The Invisible Man», «Dance With A Stranger» og fleire av meir meir ukjende låtane vil bli framført i «ny» innpakning.

Popklassikar

Det er over 30 år sidan Dance With A Stranger slo gjennom med låten «Everyone needs a friend». Den vart første gong framført under Spellemannsshowet tidleg på året i 1988, og vart med ein gong ein stor radiohit. Sidan har han blitt ståande som ein av dei store norske popklassikarane. Låten bana også veg for debutalbumet, som heile 125.000 nordmenn skaffa seg og som dei fekk ein velfortent Spellemannspris for året etter.

Før gjennombrotet i 1988 låg det mange år med hard jobbing. Medlemene hadde spelt i band som Masqualero, Ruphus og Jon Eberson Group. I 1984 kom dei saman i Bergen, og dei bestemte seg då for å lage ei «supergruppe» med inspirasjon frå amerikansk soul, blues, rock og jazz.

Sytalaust før og etter

Bandet «Sytalaust» frå Fosnavåg blir oppvarmingsband for Dance With A Stranger i festivalteltet, og etter konserten med Dance With A Stranger, spelar «Sytalaust» opp til dans i teltet.

Arrangementet har 18 års aldersgrense.