Etterslepet på vegvedlikehald veks i Møre og Romsdal

Kostnadane ved vegvedlikehaldet veks i Møre og Romsdal. Her frå Atlanterhavsvegen på fylkesveg 64.  Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane i Møre og Romsdal har vakse til 8,6 milliardar kroner, viser ein analyse frå Statens vegvesen har gjort.

– Situasjonen er alvorleg, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen til NRK. Han fryktar konsekvensane dersom utviklinga held fram som no.

Senterpartiet i Møre og Romsdal meiner Stortinget ikkje har forstått kor utfordrande situasjonen er.